Bruløysinga

Å skape døgnopne regionar og robuste bu- og arbeidsmarknadar langs E39 er både framtidsretta og samfunnsøkonomisk fornuftig. Sentraliseringskreftene er sterke både globalt, nasjonalt og regionalt. Vår region treng ein meir effektiv og fremtidsretta infrastruktur, og Hafast vil vere eit viktig steg i riktig retning.

Frå tunnel til bru

Hafast var opprinneleg tenkt gjennomført som eit tunnelsamband under Sulafjorden. Undersjøisketunnelar er velprøvde på våre kantar. Men Hafast ville blitt svært djup, så difor vart det for nokre år sidan bestemt at ein skulle utrede moglege alternative bruløysingar.

Lange bruspenn gir utfordringar

I dag ser vi på tre moglege traséar for å krysse Sulafjorden med bru. Uansett kva for ein som vert vald vil det krevje mykje av brukonstruksjonen, med høge vindstyrkar og stor bølgjebelastning i fjorden. Difor vert det vurdert både hengebru og flytebru. I den midtre traséen er det til og med skissert to separate spenn på 2.100 meter, som møtest på eit fundament midtfjords.

o Ytre trasé på cirka 3.300 meter (hengebru mellom Kvitneset-området i Hareid og Eitraneset-området i Sula)
o Midtre trasé på cirka 4.200 meter (hengebruer à 2.100 meter mellom Langeneset-området i Hareid og Nøringset-området i Sula)
o Indre trasé på cirka 5.300 meter (flytebru mellom Hjørungavåg i Hareid og Sulesund i Sula)

Ny teknologi og utprøvde løysingar

Hafast vil, som fleire av dei andre skisserte bruløysingane langs ferjefri E39, føre med seg mykje nybrottsarbeid. Ein kan hente kunnskap frå andre store bruprosjekt omkring i verda, og ein kan søke inspirasjon frå t.d. oljebransjen. Mellom anna gir fundamentet som er skissert midtfjords for midtre trasé, assosiasjoner til betongplattformer som står godt forankra på botnen i Nordsjøen:

Teknologien og løysingane som vert utvikla for Hafast og andre utfordrande bruprosjekt langs E39, lar ikkje berre trafikantane krysse fjorden raskare. Dei syter også for at kryssinga vert heilt trygg, sjølv der storhavet er næraste nabo og stormkasta slår inn fjorden med jamne mellomrom.

Les meir her om korleis Hafast jobbar aktivt for sikre ei bærekraftig framtid.