Viktig støtte til Hafast fra fylket

Møre og Romsdal fylke vedtok i går å gi 1 million kroner i støtte til HAFAST.

-Dette er eit viktig signal som er til stor inspirasjon for det videre arbeidet vi skal gjere inn mot politikarane og i arbeidet med Nasjonal Transportplan, seier styreleiar Harald Tom Nesvik i HAFAST.

Gjennom emisjonsrunda før jul 2020 kom det klare signal frå eksisterande aksjonærar og sentrale kommunar om at dei støttar vidare arbeid med HAFAST. Nesvik gir stor honnør til næringslivet og kommunar som har bidrege med midlar til dette prosjektet i ei årrekke.

– Eg vil oppmode fleire små og store bedrifter til å bli med i HAFAST og bli med oss framover. Desto fleire vi har med oss, jo betre sak har vi ovanfor stortingspolitikarane når dei skal fatte ei endeleg avgjerd i denne saka, seier styreleiaren.

Regionforstørring aukar konkurransekrafta

Dagleg leiar i HAFAST Lene Trude Solheim har tru på at ein større bu- og arbeidsmarknad vil styrke heile regionen på sikt.

-Analyser som er gjennomført, syner at HAFAST er eit svært samfunnsøkonomisk prosjekt. God infrastruktur gjer det mogleg å auke reiseavstanden samtidig som reisetida blir redusert. Dette vil gjere det meir attraktivt å pendle mellom regionar, noko som igjen vil bidra til auka konkurransekraft og stordriftsfordelar. Regionforstørring auka mobilitet mellom til dømes næringsliv, NTNU, kulturaktivitetar, flyplassen og sjukehuset, seier Solheim.

Vi snakkar ikkje om det blir HAFAST, men når det blir, avsluttar Nesvik og Solheim.